Me søkjer etter:

Rekneskapsførar

 

Me ser etter deg som er

  • Autorisert eller på veg for å bli dette men også søkjarar med rekneskapserfaring, gjerne frå rekneskapskontor eller liknande
  • Sjølvstendig og nøyaktig
  • Strukturert
  • Målretta

Arbeidsoppgåvene vil bli rekneskapsføring frå A-Å, kundeansvar, årsoppgjer, rådgivning, lønn mm. på våre oppdrag som sikrar god kvalitet på våre produkt. Videre vil du vil få ansvar for di eiga kundeportefølgje. Du rapporterer direkte til kunden og har gode kunnskap om officeverktøy som word og excel. Stillinga og ansvar vil bli utforma iht kvalifikasjonar.


Me nyttar ulike økonomisystem som Visma Business, Poweroffice Go, Tripletex og Uni Micro og det er ein fordel om du har erfaring frå eit eller fleire av desse.

 

ØkonomiKonoret Voss AS har i dag 8 tilsette og du vil arbeide i eit godt miljø med erfarne og godt kvalifiserte medarbeidare. Me kan tilby eit godt fagmiljø med gode moglegheiter for utvikling innan vårt fagfelt. Du vil få tilgang til å oppdatere deg på lover og reglar gjennom interne og eksterne kurs.

 

For stillinga kan me tilby konkurransedyktige vilkår, fagleg oppdagtering, triveleg arbeidsmiljø og fleksibel arbeidstid.

 

Send oss ein søknad med CV. Vil du vita meir om stillinga ta kontakt med dagleg leiar Øystein Dahl tlf 56530351